torsdag 17. juni 2010

Sommergåver


I kveld skal eg på blåtur med jobben. Det er alltid kjekt. Har laga til ei lita gåve til kollegaene mine på avdelinga. Det er to supre damer. Så eg har vore i det kreative hjørnet og laga nokre sommergåver til deg. Det fortjener dei.
Eg kjøpte kaffi på Tante Brun. Heime fant eg tomme fetaost glass. (Dei sparer eg alltid på, dei har så fin form..tips..) Fylte desse med smågodt i berre rosafarger. På lokket tok eg ein serviett og ein hyssing rundt. Blei søte og fristande.

Kaffien og glassa putta eg oppi ein gjennomsiktig gåvepose. Strødde litt paljetter og nokre hjarte eg trykte ut i papp i botnen av posen. Litt fargerikt gåveband og eit lite kort til slutt.

Då håper eg at blåturen skal vere mest inne. Ute er det ikkje alt for varmt og regnet dryppe.

2 kommentarer:

  1. Tenk om du hadde vore min kollega :-) Heldige dei er som får så flotte sommergave. Du er no berre så kreativ og flink.Takk for gode tips.
    Tantå

    SvarSlett
  2. Det måtte være kjekt å få så koselige og flotte sommergåver i dette triste sommerveret.Du er utrulig kreativ,kjekt å ha deg som svigerdatter.

    SvarSlett