fredag 11. juni 2010

Pengesluk ?!?

I dag var det julekvelden og gebursdag på ein gong for min kjære mann. Postmannen kom på døra med to svære pakker og eit stykk eksosanlegg. Han lurte på om han hadde komt rett og om eg hadde bestilt nokre varer. Det hadde eg ikkje, men eg kunne ane ein annan som hadde handla...det var så stille så lenge på kontoret ein dag..



Her har han pakka opp og det var vist masse spennende "ting"..
No har han mykje godt arbeid føre seg. Han held nemeleg på å pusse opp morfaren sin gamle Ford Ecort MK2. Den er fortida plukka i 1000 deler og inne til rustsveising.



Legger ved eit bilde av korleis prosjektet skal bli, forhåpentligvis..
Prosjektet har to navn her i familien;
mitt: penger rett ut av glaset prosjekt
hans: Project blue lightning

Kvar sin hobby!

1 kommentar:

  1. Det er viktig å ha ein hobby ja. Får håpe eg får sitje på når den ein gong blir ferdig.Kanskje den blir første bil som får køyre over Lepsøybrua-

    SvarSlett