onsdag 30. desember 2009

Julegåve

Til jul ønska eg meg ei enkel stansemaskin. Den skulle eg bruke til å stanse ut bokstaver når eg lagar kort o.l. Hans Olav hadde fått med seg dette. MEN han hadde slått på stortromma og kjøpt ei som eg kan koble til datamaskina (og dermed på straum..han er jo trass alt elektirker og liker alt som går på straum). Dermed opnar det seg eit hav av moglegheiter for meg. Supert, men eg har nok mykje prøving og feiling framføre meg. Trur eg må på hobbybutikken og høyre om dei held innføringskurs. Eg er som tidlegare skreve ei kløne på dataen.



Maskina ser slik ut og virker i prinsippet som ein skrivar. Den skjære ut det som eg ynskjer frå dataen. Genialt.



Her har eg testa ut litt. Hat fått ut navnet mitt og eit juletre. Gler meg til å ta denne i bruk utover vinteren. Takk Hans Olav.

3 kommentarer:

  1. Flotte kort har du laga før,men no blir dei heilt sikkert endå finare. Eg gler meg til å sjå når du set i gang.Godt nyttår frå oss heime

    SvarSlett
  2. So stilig! Visste ikkje at slikt fanst eingong eg! Men no er no eg ei inmari store kløne på alt handverk også då! Godt nytt år begge to! :)

    SvarSlett