tirsdag 22. juni 2010

Gode naboer


I går stod desse flotte pionane på trappa når eg kom heim. Det var frå naboen. Dei skal reise på ferie i dag og i går streika vaskemaskina deira. Ho fekk låne vår maskin og som takk fekk eg fine blomster.
Eit godt naboskap er kjekt og godt å ha.

lørdag 19. juni 2010

Bryllup

I dag har eg sett på bryllupet frå Stockholm. Det var eit flott par og ein kjempe fin brudekjole. I fjor var vi i Stockholm på ferie. Då besøkte vi kyrkja der bryllupet fant stad i dag. Vi fekk også lov til å ta turen opp i kyrkjetårnet. Det var ein lang trappe tur opp gjennom tårnet. På toppen var det flott utsikt over byen og Gamla Staden. Eg fekk også lov å slå i kyrkje klokkene. Det tenkte eg på i dag då klokkene ringde.

Til høgre på bildet ser dåkke litt av slottet der festen blir holdt i kveld.
Stockholm var ein flott by som hadde mykje å by på. Eit kjekt feriemål.

fredag 18. juni 2010

Blåtur



I går var eg på blåtur med jobben. Vi var først i Spjelkavik kirke der vi fekk høyre historia om utsmykkinga av kirka. Kunstneren Håkon Bleken har tegna fantastiske glassbilder der. Glassmester Gressdal har laga dei flotte bilda i glass og bly. Vi fekk forklaring i historia og symbolikken kor bilda er plassert i forhold til kvarandre.
Etterpå reiste vi heim til ein kollega. Der fekk vi god mat. Eine kollegaen vår er frå Fillipinene og ho hadde laga masse god fillipinsk mat til oss. Det smakte fantastisk. Seinere på kvelden blei det kaffi og kaker. Ein flott kveld blei det!
Sommergåvene eg blogga i går falt også i smak :-)

God helg til alle som er innom!

torsdag 17. juni 2010

Sommergåver


I kveld skal eg på blåtur med jobben. Det er alltid kjekt. Har laga til ei lita gåve til kollegaene mine på avdelinga. Det er to supre damer. Så eg har vore i det kreative hjørnet og laga nokre sommergåver til deg. Det fortjener dei.
Eg kjøpte kaffi på Tante Brun. Heime fant eg tomme fetaost glass. (Dei sparer eg alltid på, dei har så fin form..tips..) Fylte desse med smågodt i berre rosafarger. På lokket tok eg ein serviett og ein hyssing rundt. Blei søte og fristande.

Kaffien og glassa putta eg oppi ein gjennomsiktig gåvepose. Strødde litt paljetter og nokre hjarte eg trykte ut i papp i botnen av posen. Litt fargerikt gåveband og eit lite kort til slutt.

Då håper eg at blåturen skal vere mest inne. Ute er det ikkje alt for varmt og regnet dryppe.

tirsdag 15. juni 2010

Solsikker


Solsikker er min favoritt blomster. Det hadde eg i brudebuketten når vi gifta oss også. Pappa bruker derfor å kjøpe det til meg av og til. I går fekk eg ein bukett av han (og sikkert frå mamma også). Dei var kjempe fine. Tusen takk!

mandag 14. juni 2010

Sommerkort



Kort laga av papir, papp, filt, palljetter og pærler. Tok litt tid å klippe ut og montere, men eg synes det blei ganske søtt.



Bilde av ein enkel blomster frå kortet.

fredag 11. juni 2010

Pengesluk ?!?

I dag var det julekvelden og gebursdag på ein gong for min kjære mann. Postmannen kom på døra med to svære pakker og eit stykk eksosanlegg. Han lurte på om han hadde komt rett og om eg hadde bestilt nokre varer. Det hadde eg ikkje, men eg kunne ane ein annan som hadde handla...det var så stille så lenge på kontoret ein dag..



Her har han pakka opp og det var vist masse spennende "ting"..
No har han mykje godt arbeid føre seg. Han held nemeleg på å pusse opp morfaren sin gamle Ford Ecort MK2. Den er fortida plukka i 1000 deler og inne til rustsveising.



Legger ved eit bilde av korleis prosjektet skal bli, forhåpentligvis..
Prosjektet har to navn her i familien;
mitt: penger rett ut av glaset prosjekt
hans: Project blue lightning

Kvar sin hobby!