lørdag 4. mai 2013

Tacokrydder

 
Har lenge tenkt at eg skulle prøve å blande mitt eige tacokrydder.
I går vart det prøvd etter denne oppskrifta:
 
3 ss chilipulver
2 ss spisskummin
2 ss paprikapulver
2,5 ts oregano
2,5 ts kvitløkspulver
2 ts cayenepepper
1 ts koriander
1,5 ts havsalt
 
Etter vår smak blei det litt sterkt og tek litt mindre chilipulver neste gong.
Smak deg fram til kor mykje du tilset av krydderblandinga i kjøttdeiga.
Det du får til overs oppbevarer du på eit glass med tett lokk.
 
God helge taco!
 
 

1 kommentar:

  1. E fann e fann!! Ditta bli spenande!! :)
    Marianne

    SvarSlett