Vi har hatt ei flott og VARM veke i Split, Kroatia. Med temperaturer rundt 40 grader vart det varmt på stranda. Men med havet 5 meter unna vart det mykje bading og snorkling.
Hotellet hadde eigen minibuss som tok oss til byen Split om vi ville det på kvelden.
Solnedgangen klokka 21.00 og framleis 30 grader.
Hotellet hadde eigen marina. Her var det mykje store og flotte båtar.
Godt med sol og varme :-)
På hotellet var det ei flott spa avdeling.
Føtter og tær fekk seg ei "overhaling" og var dermed klare til å lufte seg i sandalane.
Ei fin veke i Kroatia er over og vi trur at vi har funne vårt nye ferieland.
God sommar vidare til alle som er innom.
Flotte bilde.Kjekt å sjå at de har hatt ei fin og varm veke.Vi gler oss til veke 34.då er det vår tur å få oppleve dokka nye ferieland.Bodil
SvarSlett