torsdag 22. desember 2011

God jul


Då begynner det å bli jul i heimen. Juleblomster er i hus.


Ei sløyfe pynter opp lysestaken.


Norgesglasa har også fått raudsløyfe. Raude t-lys og nokre julestjerner eg pynta bordet med i fjor har komt oppi.


Adventstaken har blitt forvandla til ein julestake.

I morgen er det siste dag på jobb og tid for å pynte juletreet, julegraut og juleferie.

2 kommentarer:

  1. God jul til dåkke og. Vi gler oss til besøk i romjula. Mamma og pappa

    SvarSlett
  2. God jul Solveig og Hans Olav, frå Gunnbjørg

    SvarSlett