søndag 9. oktober 2011

Eplemuffins

I går var vi i 99 års dag. Familien var samla til god mat og koseleg feiring på resturant. Litt av menyen var tapas - ikkje verst å ha det på 99 årsdagen sin. Vi fekk med oss epler frå garden og i dag har eg laga eplemuffins for første gong.
Fekk eit skilt med mamma ein dag med ei eplekakeoppskrift på. Prøvde meg på den, men hadde røra i muffinsformer istaden. Det blei bra og smaken var god. Ute er det elendig ver så då passa det godt med noko ekstra til kaffien.No skal eg gjere ferdig eit hekleprosjekt, skal vise det bloggen når eg er ferdig.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar