lørdag 13. august 2011

Båttur

I dag har det vore ein flott sommerdag her. Mannen la frå seg garasjebygginga og vi tok ein båttur. Pakka med oss niste og badekle og viste ikkje heilt kor ferda skulle gå...
Vi tok retning Ålesund og der fekk vi auge på ei vakker øy ute i havgapet...dit reise vi!
Der blei det matpause på altanen til bror min og kona, ripsplukking,kaffi i solkråa til foreldra mine og grilling i gapahuken
Flott ver på heimvegen også.Stille sjø og lav kveldssol.

1 kommentar:

  1. Kjekt dåkke tok turen til "kystens perle" då.Det vart ei fin stund i lag for både fotturister og båtfolk.Dei frå naboøyane var godt fornøgde med dagen. Mamma

    SvarSlett