søndag 1. mai 2011

1-2-3-4

Endeleg var dagen komen då mannen kunne begynne på garasja si. Det har han venta på lenge. Laurdag var strerke karar kalla inn til dugnad for byggjetrinn 1. Veggane var oppe på rekordtid. Neste trinn blir endegavlar og takstoler.

Ellers har helga vore prega av eit FANTASTISK ver. Vi har vore på grilling, gått tur i Borgundgavelen, ete is og vore plaga av pollenallergi (snufs og atsjo..kjedelige greier).

1 kommentar:

  1. Den garasja der kjem til å bli bra.Men det trengst når ein ikkje har løe, sjå eller naust til oppbevaring av nyttige og unyttige saker og ting. Mamma og pappa

    SvarSlett