lørdag 20. november 2010

Julemesse

Då er første dag av julemessa over. Også i år med MASSE folk og gode tilbakemeldingar. Eg hadde ein del engler og alle har fått seg ein ny eigar i dag. Pepperkakehjarta eg blogga her ein dag gjekk fort unna og det same gjorde villsauskinna. Bjørkekjegla bak på bildet kunna eg ha seldt mange av (kjem ikkje fram på bildet, men det er bjørk med små lys som er stramma saman med ein tynn streng. Fine til å ha på trappa).
Tok også med bilder fra standen til mamma. Ho selde quilta ting som bilder, løparar og adventskalendere. Kjøpelysta var stor hos Lepsøyfolket og av dei tilreisande.
Vi takker alle som var innom og minner om at det er ope i morgon frå 15.00-16.00, då med eit noko mindre utvalg, men framleis mykje fint igjen!

1 kommentar:

  1. Takk for ei fin helg.Kjekt å lage til noko når folk kjem att år etter år og handler. Trur dei liker godt at det er i stabburet, eiga stemning. Mamma

    SvarSlett