søndag 14. november 2010

Bjørkehjarte

Farsdagen blei feira på Lepsøya med god middag og kake. Vi fekk også tid til å flytte villsaudane til ny beite. Der traff dei verane og til våren blir det nok små lam igjen...
Hobbyaktiviteter blei det også. Svigerinna mi og mamma har laga slike bjørkehjarter tidlegare og i dag skulle eg prøve. Etter litt fram og tilbake om korleis det skulle sjå ut blei det slik. Pappa hadde ei meining, mannen ei, broren ei anna og jammen hadde ikkje bestemor på 93 også ei meining, ja pluss våre eigne. Skulle det vere stramt eller litt "bustete"? Heile familien engasjert og koseleg er det. God veke til alle samen!

4 kommentarer:

  1. De va e so kom med ideen, so e he løv å kome med kommentara
    pappa

    SvarSlett
  2. Sorry pappa! Ja det var DU som laga det dåkke har på døra, ikkje mamma! Du er flink! Fru Jul er jo mor di :-)

    SvarSlett
  3. Kjempefine uansett kan som laga dei!

    SvarSlett
  4. Det var en nydelig bjørkehjerte, og den lille sløyfen var prikken over i`en =)

    SvarSlett