søndag 11. april 2010

Lepsøytur

I helga hadde vi oss ein liten tur til Lepsøya. Der var våren komen for fullt. Saudane har starta lamminga og dei neste vekene venter dei omkring 60 lam. Her er det første lammet. Mora verna veldig om det så det var ikkje så lett å få tatt bilde av det. Men små og søte er dei.



Korkusane er også i full blomst.

På øya hadde dei kjøpt ei sag til å lage villmarkspanel med. I helga vart den tatt i bruk. Materialet skal brukast til ny vegg på naustet.

Mannfolka saga, mens damene sat på lø-brua og såg på. I vår familie er det tradisjon med å drikke kaffi på lø-brua når ein arbeider ut på laurdagane. Svigerinna mi diska opp med kaffi, muffins og kjeks. Sola skein og det var ein fin dag.

2 kommentarer:

  1. Skal bli kjekt med fleire lam. Dei er så søte.

    SvarSlett
  2. Vi bruker å jobbe vi kvinnfolka og.Eg og Ellinor hadde først planer om å pakke 100 sekker med ved, men no trur vi at det kjem til å bli 200 sekker.Varma mange gonger den.

    SvarSlett