lørdag 27. mars 2010

Påskeferie

Då er det påskeferie her i huset. Vi skal ha fri i dagane mellom påskehelgane og det skal bli godt. I dag har eg pynta litt til påske.



Påske egga har eg enkelt laga ved å klippe ut pappegg og lime dei saman med ein streng i mellom. Pynta dei med ei perle og ei sløyfe. Det nede til høgre er eit vatt egg eg har måla grønt. Smurte lim over heile egget og rulla det i små, små glasspærler. Egga heng i trollhasselen i vinduet.



Sist helg var vi på Lepsøya. Då må vi helse på vilsaudane som slett ikkje er noko ville :-). Her er det ledersauden Mina Mathilda som får ein smak av kakeskalkar.



På Lepsøya var det bare markar. Her med oss ligg snøven godt endå. Kan tenke meg at det er 20 cm igjen..

God påske til dåkke som er innom!

4 kommentarer:

  1. God påske Solveig! Skal du noko utovere i påska eller? Eg stikk på Lepsøya onsdag til torsdag ein tur. Eg og ungane. Erling skal hjelpe til på teaterframsyninga på framtun. Det hadde vøre kjekt å sjå deg!

    SvarSlett
  2. God Påske til deg også. Vi ser ann veret litt. Tenke å ta ein tur til Bjorli i løpet av påska. Om eg er på øya skal eg ta kontakt. Hadde vert kjekt å helse på dåkke og.

    SvarSlett
  3. Kjempefin påskepynt du har laget.

    God Påske!

    SvarSlett
  4. Fine påskeegg du hadde laga
    ..Trur eg vil ynskje meg ei trollhasselgrein til den 9.april.God påske til dåkke,vi sjåast nok.Mamma

    SvarSlett