lørdag 25. februar 2012

Kappløpet



I fjor 25. februar kunne du lese om kappløpet i familen. Eg med heklenåla og mannen med bildelane. Kvifor mannen held på med bildeler kan du lese om her. Men denne "kjære" bilen må ha ei garasje (les: flott heim). Mannen fekk sett den opp i sommar og i vinter har han hatt arbeid med å innrede den. Trudde egentlig ikkje at garasje blei innreidde, men der tok eg feil.


Her er det varmekablar i golvet, isolerte veggar og tak. Her blir det spottar til kvardagsbruk og lysarmatur til arbeidsbruk. Sidan dette tek tid og bilen framleis stend i 1000 delar har eg ikkje stressa med mitt prosjekt. Trur eg leder klart.



Det går framover, men ikkje så fort. Eg er ferdig med ca 120 ruter så eg nærmar med halvvegs.

God helg!

onsdag 22. februar 2012

Marius genser


Heldige meg som har ei strikkeglad svigermor


Tusen takk!

søndag 29. januar 2012

Skøyteis


I helga har vi vøre på Lepsøya. I dag var det eit flott vinterver
Vi tok med skøytene og gjekk til "Demma".
Her var resten av slekta også og det blei servert vaflar og kaffi frå bålet  i gapahuken


Skøyteforma var ikkje som i mine glansdager, men kjekt var det.


søndag 22. januar 2012

Emblemsanden

             I dag har vi godt tur til Emblemsanden. Det var snøv, blå himmel og sol


Sunnmørsalpane



Ein flott tur

lørdag 21. januar 2012

Skulebollar


I dag har eg laga skulebollar etter oppskrifta eg fekk med Alvhild på barneskulen.

25 gr gjør
2 ms margarin
2 dl mjølk
1/4 ts salt
1/2 dl sukker
5 dl kveitemjøl
1 egg

Gi dei god tid til heving

250 gr i 8 - 10 min


Vaniljekremen kjøpte eg ferdig
Litt melis og kokusmasse


God helg!

mandag 16. januar 2012

Hue nr. 2


Ny hue har blitt til. Samme "oppskrift" som sist.


Har sydd på eit hjarte i filt. Broderte på bokstavane mine.


Men kvar blir vinteren av...?

tirsdag 10. januar 2012

Ny hue


Inspirert av ski hua til langrenns landslaget og litt kikking på hekleblogger har eg hekla meg ei ny hue.


No er det berre å vente på snøven og at eg kan ta ein skitur.
Hua er hekla i fastemauskar med heklekrok 6.5.