tirsdag 19. april 2011
Påskeegg
Det som er så kjekt med blogging er at ein blir så inspirert av andre sine tips og idear. På bloggen til emmelines såg eg desse søte og litt annleis påskeegga. No har eg mine eigne perleegg. Mellom perlene putta eg nokre paljettar.
mandag 18. april 2011
Påskeferie
Då er det påskeferie i heimen. Tenkte å reise til Bjorli nokre dager, men veit ikkje heilt. Lite snøv og ikkje heilt toppers ver gjer at vi held oss heime endå. Det har blitt litt påske på trappa. Nokre løkplanter og litt stemorsblomster gjorde seg. I hagen blomstrer krokusen og snøklokkene. VÅR!!!
Mannen trur at våren er komen for å bli og sommerdekka har komt på plass i dag. Bilen er blitt vaska og då er alt reint og pent - som vanleg!
lørdag 16. april 2011
Påskekort
Ein kollega fyller år i dag og eg laga dette kortet til ho. Temaet var påske og kyllingane er to blåskjell eg har måla gule. Då er det påskeferie her i huset og det kjennes godt. Håper på sol og fint ver etter kvart og kanskje ei litt mindre vinter bleik hud. Det hadde gjort seg. God påske alle sammen.
søndag 10. april 2011
Vårtegn
På ein liten tur i dag i 14.4 grader på Lepsøya fant eg alle desse flotte vårtegna. Årets to første lam kom til verda og då er våren her for alvor. No blir det spanande å sjå kor mange det blir i år. Nesten trist å tenkje på at dette er julemiddagen om nokre år. Ikkje rart at pinnekjøtt ikkje er min favoritt. Man spiser liksom ikkje "vennene" sine. Det er slike dager ein kan lurer på om ein skal bli vegeterianer.
lørdag 9. april 2011
60 år
Gratulere så mykje med 60 års dagen mamma.
Da mødre ble til, var tanken ganske klar.
For mødre har noe i seg som ingen andre har.
De har en hånd som hjelper, de lytter & forstår.
De trøster deg gjerne, og blir når andre går.
Derfor har vi mødre, og dersom du spør meg;
Den BESTE mamma i verden, det er jo nettopp DEG!
Da mødre ble til, var tanken ganske klar.
For mødre har noe i seg som ingen andre har.
De har en hånd som hjelper, de lytter & forstår.
De trøster deg gjerne, og blir når andre går.
Derfor har vi mødre, og dersom du spør meg;
Den BESTE mamma i verden, det er jo nettopp DEG!
lørdag 12. mars 2011
Framdrift
Mannen i huset byggjer for tida garasje. Det går stadig framover og murane har komt opp. Elektikaren har lagt opp til lys både her og der og til og med til eit eventuelt bobblebad til meg :-)
Mitt prosjekt for tida er hekling. Hekleteppet går framover. I desse VM tider kan eg seie at eg ligg foran skjema. Men i dag har eg øvd meg på å lese mønster og fått til denne rosetten.
Mitt prosjekt for tida er hekling. Hekleteppet går framover. I desse VM tider kan eg seie at eg ligg foran skjema. Men i dag har eg øvd meg på å lese mønster og fått til denne rosetten.
søndag 6. mars 2011
Fastelaven
I dag er det fastelaven og eg hadde bestilt boller heime hos mamma og pappa. Der blei det både lammelår og boller. Nam nam. Her eit par av dei gode krembollane.
Mamma lagar alltid smultbollar også. Dei er farleg gode. Fekk med meg restane så då har eg til kaffien i morga også. :-)
Abonner på:
Innlegg (Atom)





