søndag 21. oktober 2012

Engler

Eg fant oppskrift på ein engel i ein Stoff og stil katalog ein dag. I går såg fleire dagens lys på Hobbykottet. Eg laga i fleire ulike fargar. Her ei brun utgåve. "Håret" var litt nytt for meg, men med litt tilvenning synes eg dei vart ei tøff utgåve av ellers så søte og yndige englar.

fredag 19. oktober 2012

God helg

Norgesglasa har fått nokre haustblad rundt seg. Snurra dei fast med litt hampetau. Skaper fin hauststemning i stova ein fredagskveld.

onsdag 17. oktober 2012

Solnedgang


Var på XL i Ålesund og åt middag ein kveld. Vi hadde 10 års bryllupsdag og feira med god middag ute. Mens vi sat der gjekk sola ned og eg tok dette bildet gjennom vinduet (derfor lamper på himmelen) Kan utsikta bli bedre på ein slik dag?

lørdag 13. oktober 2012

Tilbake...

 
 
..ivertfall eit livsteikn!
 
Haustfargar

 
Nydeleg ver og flotte motiv

 
Hausten er her

 
Vakkert

lørdag 8. september 2012

Gullerøtter


Blogga i vår om såing og grønnsakhage. Nepene blei små og beiske, men gullerøttene blei store og gode. I dag plukka eg inn ein bunt og har laga ein stor porsjon med vårruller.

God helg.

 

tirsdag 4. september 2012

Gjærbakst

Når det er ruskever ute er det ingen ting som er bedre enn fersk gjærbakst. Bestemors kokoshorn er alltid godt.

lørdag 1. september 2012

Loppemarked

I dag har eg vore på loppemarked på bedehuset. Eg kjøpte dette fine fatet fra Stavangerflint. Ein god gamal klassikar.