lørdag 27. november 2010
lørdag 20. november 2010
Julemesse
Då er første dag av julemessa over. Også i år med MASSE folk og gode tilbakemeldingar. Eg hadde ein del engler og alle har fått seg ein ny eigar i dag. Pepperkakehjarta eg blogga her ein dag gjekk fort unna og det same gjorde villsauskinna. Bjørkekjegla bak på bildet kunna eg ha seldt mange av (kjem ikkje fram på bildet, men det er bjørk med små lys som er stramma saman med ein tynn streng. Fine til å ha på trappa).
Tok også med bilder fra standen til mamma. Ho selde quilta ting som bilder, løparar og adventskalendere. Kjøpelysta var stor hos Lepsøyfolket og av dei tilreisande.Vi takker alle som var innom og minner om at det er ope i morgon frå 15.00-16.00, då med eit noko mindre utvalg, men framleis mykje fint igjen!
torsdag 18. november 2010
Pakket og klar
I dag er det eitt år sidan eg heiv meg på bloggebølga! Det har blitt blogga om litt av kvart og det har i grunn vore ganske kjekt. Eg kjem nok til å halde på vidare. Den første tida var det berre dei nærmaste som var innom, men no ser eg av statistikken at eg har treff både herfrå og derfrå og kjekt er det. Men eg må seie at eg av og til lurer på kven dåkke er?Tok med nokre engler eg har laga av blåskjell. No er dei pakka forsiktig ned og er klare for nye eigarar på julemesse.
onsdag 17. november 2010
Pepperkakehjarte
søndag 14. november 2010
Bjørkehjarte
Hobbyaktiviteter blei det også. Svigerinna mi og mamma har laga slike bjørkehjarter tidlegare og i dag skulle eg prøve. Etter litt fram og tilbake om korleis det skulle sjå ut blei det slik. Pappa hadde ei meining, mannen ei, broren ei anna og jammen hadde ikkje bestemor på 93 også ei meining, ja pluss våre eigne. Skulle det vere stramt eller litt "bustete"? Heile familien engasjert og koseleg er det. God veke til alle samen!
onsdag 10. november 2010
Julehjarter
søndag 7. november 2010
Engler
tirsdag 2. november 2010
Julemesse
mandag 1. november 2010
Storefjell
I helga var vi på Storefjell. Vi var der med jobben til mannen min. EL-PROFFEN hadde ei messe der. På fredags kvelden var det Sigrid Bonde Tusvik som stod for underhaldninga, om ein kan kalle det underhaldning. Ho imponerte ikkje! Men søt var ho.

Hotellet er påbygd X-antall gonger og er ikkje fint å sjå på, men maten og stemmninga var det ingenting å sei på. Vi var 550 stykker og hadde heile hotellet. Veret var dårleg, men eg og ei til gjekk oss ein liten fjelltur til Gulknappen på laurdagen.

Hotellet er påbygd X-antall gonger og er ikkje fint å sjå på, men maten og stemmninga var det ingenting å sei på. Vi var 550 stykker og hadde heile hotellet. Veret var dårleg, men eg og ei til gjekk oss ein liten fjelltur til Gulknappen på laurdagen.
Abonner på:
Kommentarer (Atom)





