søndag 26. mai 2013

Hamburgertallerken

 
Heimelaga hamburgertallerken med en lite vri.
Marinert indrefilèt, grilla ananas, ruccola salat og eple coleslaw.
Bakte potetbåter.
 
 

lørdag 25. mai 2013

Laurdag i hagen

 
I dag har vi fjerna mose mellom belegningssteinen på uteplassen
For en jobb!

 
Har også fått testa macrolinsa mi som eg fekk til jul.
Kjekt å kunne ta fine nærbilder.

 
Har ikkje kjøpt uteblomster endå.
Enn så lenge pynter eg opp med det som veks fritt.

 
Sol frå blå himmel blei det også.

mandag 20. mai 2013

Pinse

 
I pinsa har vi vore på Lepsøya.
Her blei det tid til tur til Bryggja, grilling i fjøra og vaflar i hagen

 
Ikkje ei sky å sjå.
Berre blått hav og blå himmel

 
Lepsøya bada i sol i kveld
 
 

torsdag 16. mai 2013

16. mai

 
Då er skjorter, skaut, sløyfer og flagg klare til bruk.
I morgon blir det frokost med venner i byen og 17. mai lunsj hos familien.
 
Ynskjer alle ein god
17. mai
 

søndag 12. mai 2013

Grilling

 
I dag har vi grilla kylling
Marinerte den i BBQ saus, honning, sironsaft, olivenolje, kvitløk, salt,
pepper og friske uter.
 
Serverte eple og tomatsalsa, agurk og mynte salat, coleslaw og
grilla små poteter til.
 
Ein smak av sommar!
 
(Trur hobbykotett har blitt ein matblogg...)
 
 
 

mandag 6. mai 2013

Fruktspyd

 
I helga var vi så heldige å få vere faddere til lille gode Frida.
Eg skulle bidra med frukt til kakebordet.
Laga desse fruktspyda, inspirert av regnbogen.
 
Takk for fin feiring!
 
 
 
 

lørdag 4. mai 2013

Tacokrydder

 
Har lenge tenkt at eg skulle prøve å blande mitt eige tacokrydder.
I går vart det prøvd etter denne oppskrifta:
 
3 ss chilipulver
2 ss spisskummin
2 ss paprikapulver
2,5 ts oregano
2,5 ts kvitløkspulver
2 ts cayenepepper
1 ts koriander
1,5 ts havsalt
 
Etter vår smak blei det litt sterkt og tek litt mindre chilipulver neste gong.
Smak deg fram til kor mykje du tilset av krydderblandinga i kjøttdeiga.
Det du får til overs oppbevarer du på eit glass med tett lokk.
 
God helge taco!