mandag 31. desember 2012

Godt nytt år!

 
 
Då har årets siste dag komt. Vi skal ete middag hos svigerforeldra mine. Seinare på kvelden blir det fest og moro i lag med venner. Kaka til i kveld står i ovnen og pakkane til pakkeleiken er pakka.
 
Ynskjer alle som brukar å titte innom Hobbykottet
godt nytt år!

lørdag 22. desember 2012

Så blei det jul i år også!

På grunn av sjukdom av både det eine og det andre har det vore svært lite blogging i adventstida. Alt har blitt gjort på den enkle måten i år. Juletreet kjøpt på første plass, ikkje baka og julevasken blei ei runde med støvsugaren. No er treet oppe, gåvene pakka og alt i boks i år også.

 God jul!

søndag 9. desember 2012

2. Søndag i advent

To lys er tent, lykt på trappa, fyr i ovnen, gjærdeig på heving og snart får vi besøk.

mandag 3. desember 2012

Julegåver

 
Julgåve innpakking er ein kjekk og koseleg aktivitet som eg alltid har likt.

 
Eg fekk nokre kongle engler til overs på julemessa.
Desse festa eg på pakkane til nokre små søte barn.

 
Dei litt eldre får ein hekla snøkrystall som pynt.
Lilla band i ulike fargar.
 
God advent!