tirsdag 27. november 2012

Adventskrans

 
I kveld har eg laga årets adventskrans.
 Eg blei inspirert frå eit juleblad eg kjøpte i haust.
 

 
Eg kjøpte ein ferdig halmkrans (litt for stor, men den einaste som var å oppdrive) i butikken.
Plukka med meg nokre lerkegreiner når eg var heime i helga.
Greinene blei surra fast med strenge. Treng ikkje å vere heilt tett - fint om halmkransen viser litt.

 
Kubbelysa festa eg ved å varme opp ein bit streng og stikke den inn i lyset.
Limte på nokre stjerner av bjørkenever og litt "bling" kjøpt på Indiska.

 
No er vi klare til
advent.

søndag 25. november 2012

Julemesse

 
I helga har vi hatt den årlege julemessa i stabburet på Seth.
Det var salg av lefser, villsauskin og heimelaga julepynt m.m.
Mykje folk og god stemning i år også.

 
Her er standen min. Pepperkakestjerner, skoposer, engler, pynta sjokoladeesker og enkle dørkranser.

tirsdag 20. november 2012

Kongleenglar

Enkle furukongler har blitt til søte kvite og glittrande englar.

Eg blei gjort oppmerksom på at eg hadde skreve pepperkakehjarte i innlegget på søndag. Det var sjølvsagt stjerner det skulle stå. Stjernen har blitt pakka i cellofan og er klare til å få nye eigarar i helgas julemesse på Seth!





 

søndag 18. november 2012

Pepperkakestjerner

I dag har eg pynta pepperkakestjerner i lange baner. Tek si tid når begge sider skal pyntast. Synest det gjer seg når stjernene skal hengast opp.

Pynta nokre med dei vanlege "snirklane" mine og nokre som lignar meir på snøkrystallar.

torsdag 15. november 2012

Stjernebretting

 
 
Då har eg etter prøving og feiling lært meg å brette slike stjerner.
Kanskje blir det slike som skal pynte opp julegåvene i år...

tirsdag 13. november 2012

Hermetisering

 
Norgesglasa mine har mest vore brukte til lysestakar, blomstrevasar og til oppbevaring av sølvtøyet.
Men det var før. Eg har vore hos svigermor og lært meg å hermetisere pærer. Pærene kjem fra mormora på Stranda. Så no har vi gode desserter framover vinteren.
 
Takk for hjelpa.

søndag 4. november 2012

Helgeslutt

 
Sola går ned og helga er forbi.

 
Vi har hatt ei fin helg på Lepsøya.